

Musikal West End, haust 2025
- Fjordane Folkehøgskule – Nordfjordeid
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 21.08.2025
- Linjefag: 18 timer/uke
- Pris: fra 60 500,-
- Sted: Stad kommune
For deg som elskar å stå på scena – eller har lyst til å prøve for aller første gong!
Musikal West End gir deg ei innføring i scenekunstens verktøykasse, med fordjuping i song, dans og drama.
Du får undervisning i songteknikk, dansestilar som ballett, jazz og Musical Theatre, fysisk teater og ensemble, skodespelarteknikk (Stanislavski, Meisner m.fl.), tekstarbeid, stemmebruk og ensemblesong. Vi kombinerer skodespel og song i “Acting Through Song” – og skaper ei heilskapleg oppleving for publikum.
Gjennom året lærer du mykje om deg sjølv og andre. Du får nye vener, blir tryggare på scena og deltek i kreative samarbeid – både i klassa og på tvers av linjer.
Musikal West End passar både for deg som vurderer vidare utdanning innan scenekunst, og for deg som berre har lyst til å oppleve eit år med kreativ utfalding.
Vi har også eit unikt samarbeid med Institute For Contemporary Theatre i Brighton – og tilgang til West End og scenekunstmiljøet i England.
Les meir: fjordane.fhs.no
Her er plass til elevar som både har mykje og lite erfaring frå musikal frå før. Vi legg til rette for at alle skal få undervisning som passar sitt nivå.
For oss er det vikitg er at du er motivert, pliktoppfyllande, engasjert, vågar å by på deg sjølv, klarer å samarbeide og er positivt innstilt.
Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink som du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring.
Vi har eit unikt samarbeid med Operahuset Nordfjord, og får difor tilgang til Gymmen scene og studio som øvingslokale. Det ligg rett ved skulen, og er eit fullt utstyrt øvingslokale. Vi får også bruke den store scena i Operahuset innimellom, og vere med på oppsetningar der. Vi har også tilgang på ein stor sal med speil og scene, som vi brukar som øvingslokale for dans. Skulen får også låne frå det rikhaldige kostymelageret til Opera Nordfjord når vi treng det.
Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:
Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.
Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.
Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.
Bygningar
Bygningane våre er frå 1974. Derfor er ikkje alle bygga universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.
Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.
– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.