

Allsidig hestesport, haust 2025
- Fjordane Folkehøgskule – Nordfjordeid
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 21.08.2025
- Linjefag: 18 timer/uke
- Pris: fra 74 000,-
- Sted: Stad kommune
Vil du oppleve eit halvt år med hesteglede – der du og hesten står i sentrum? Eit halvt år der du får prøve alle greinene innan hestesporten – alt frå dressur, sprang og feltritt, til halsring og køyring? Då er du på rett plass.
Her på Fjordane Folkehøgskule får du oppleve eit variert og kjekt halvår saman med hesten og andre menneske som er like opptatt av hest som du er. Du vil også få ein god smakebit på alt Nordfjord har å by på – både saman med hesten, men også på fellesturar med elevar frå dei andre linjene.
Kva kan du vente deg?
🐎 Variert undervisning slik at du får utvikle deg innan både klassiske disiplinar og samtidig får prøve alternative greiner som working equitation, natural horsemanship, voltige, mounted games og westernriding.
💪 Å utfordre deg sjølv i ulike settingar. Du får prøve alt frå feltritt, polocrosse, agility, naturridebane, til riding og overnattingsturar i flott vestlandsnatur.
🥰 Å bli ein del av eit miljø der alle delar lidenskapen din for hest.
💚 At vi er opptatt av at hesten skal ha det bra og har stort fokus på hestevelferd.
🎓 Undervisning tilpassa ditt nivå, enten du er fersk på hesteryggen eller har mykje erfaring og vil lære meir.
For deg som vil prøve alt innan hestesport og ha det kjekt saman med hesten! Du vil oppleve eit halvår med meistring og glede, kome tettare på hesten og oppdage nye sider av både deg sjølv og hesten.
For at du skal få best mogleg utbytte av halvåret er det viktig at du:
Samspelet mellom deg og hesten er det viktigaste for oss. Lærarane våre er fagleg sterke og vil gje deg tett oppfølging uansett kva slags hest du har med deg. Dei har brei erfaring gjennom arbeid med hest, både på og utanfor konkurransebana. Dei er rutinerte og godt utdanna hestefagfolk, som vil gje deg undervisning tilpassa ditt nivå i sprang, dressur og køyring. Vi har også autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, ein hovslagar og kuskesensorar.
Har du ikkje hest, men drøymer om det? Då kan du låne ein av våre skulehestar. Alle våre skulehestar er fjordhestar eller «fjordingar» som dei også kallast. Noko anna hadde kanskje vore litt rart? Vi heite tross alt Fjordane Folkehøgskule og held til midt i Nordfjord. Visste du at fjordhesten er super til å utforske allsidig hestesport med? Den er ein god læremeister, som både er sterk, uthaldande og samarbeidsvillig.
Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink som du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring.
Det er mulig å låne utstyr av oss om du treng det.
Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste halvår saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:
Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.
Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.
Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.
Bygningar
Bygningane våre er frå 1974. Derfor er ikkje alle bygga universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.