

Vikingliv, haust 2025
- Fjordane Folkehøgskule – Nordfjordeid
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 21.08.2025
- Pris: fra 64 250,-
- Sted: Stad kommune
Vikinglivlinja byr på friluftsliv, sjølvberging og gamle handverkstradisjonar. Her får du lære å hauste og skape av det fjord, fjell og hav har å by på. Bli med på kortreiste turar der vi pakkar fiskestonga, slår leir og lagar mat på bål.
Vi samarbeidar tett med Sagastad, som er vestlandet sitt nye vikingsenter.
På Fjordane Folkehøgskule vil vise deg korleis vikingane levde, tenkte og reiste. Noko av det du får vere med på er:
🎒 Reise på «vikingtokt» til Island og kortreiste turar på Vestlandet.
⛺ Lage Vikingmarknad og slå teltleirar saman med lokale vikingar.
⚔ Innføring i blankvåpenkamp og islandsk glima.
🛡 Leikar, kamp, historiske spel og musikk.
🥔 Opparbeide vikingtunet vårt.
Du får også prøve deg i handverkarrolla slik at du kan gjere alt frå å smi ditt eige bestikk, veve brikkeband, til å sy dine eigne vikingsko. Du får også bruke metall, tre, glas, skinn og leire for å skape autentiske gjenstandar frå vikingtida.
For vikingane var hest eit viktig framkomstmiddel og arbeidskraft. Folkehøgskulen vår har heile tre hestelinjer og eit tett samarbeid med Norsk Fjordhestsenter. Det betyr at du også får moglegheita til å utforske hesteinteressa di gjennom fleire valfag i hest – eller heilt andre fag om du heller vil det.
Vikingliv er for deg som er glad i naturen og vil lære meir om vikingane – anten du er ny eller har erfaring frå vikingmiljøet. Vi startar på det nivået du er på og jobbar oss oppover.
At du er positiv, har eit ope sinn og tek utfordringar med eit smil. Du har ein trongtil å utforske og lære vikinglivhistoria.
Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink som du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring.
Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane våre skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:
Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.
Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.
Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.
Bygningar
Bygningane våre er frå 1974. Derfor er ikkje alle bygga universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.
Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.
– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.