Til hovedinnhold

Friluftsliv All-inclusive

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 22.08.2024
  • Linjefag: 18 timer/uke
  • Pris: fra 139 750,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Debio
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Stad kommune
  • Studietur for linja: Frå Fjordane til Alpane, Josten på langs
  • Studietur for skolen: Strandryddeseilas , Fjord Explore, Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik, Vintertur til Stigedalen, Fellestur til Filippinene – NY TUR FOR 2025/2026
Bli med til Alpane og Filippinene, samtidig som du får oppleve det beste og råaste naturen på Vestlandet har å by på!

Har du lyst å surfe i Hoddevika, klatre opp Hornelen og gå på ski over Jostedalsbreen? Alle desse plassane er rett rundt neste sving frå Fjordane Folkehøgskule. På friluftsliv får du oppleve rå natur tett på kroppen, kjenne spenning, meistring og samhald! 

For oss handlar friluftsliv ikkje berre om å vere ute. Det handlar om opplevingar, å kjenne seg levande og å bruke kroppen.

Med oss får du vere med på små og store eventyr gjennom heile året. Nokre dagar klatrar vi på Beachen i Loen eller tar den ultimate klatreruta rett opp Hornelen (som førøvrig er Europas høgaste sjøklippe). Andre dagar padlar vi på Nord-Europas djupaste innsjø eller vi går toppturar, både til fots, med ski eller truger.

Her blir du kjent med Vestlandet på sitt aller vakraste, samtidig som vi reiser på linjetur til Alpane i Østerrike. Du får moglegheita til å prøve mykje forskjellig og alt er inkludert. Du får: 

🧗‍♂️ Klatre opp spektakulære fjell som Hornelen og Beachen, eller innandørs på vinteren 
🏄‍♀️ Surfe på bølgene i Hoddevik og Ervik
⛺ Sove ute i telt og snøhole
🧊 Brekurs og isklatring på Supphellebreen
🛶 Padle i Nordfjorden, Hornindalsvatnet og Eidselva
🎿 Toppturar i Nordfjord, Sunnmørsalpane og Skjåk med ski, brett, truger eller fjellsko
🧭 Lære deg kart, kompass og skredkunnskap
🚨 Førstehjelp og redning ute i terrenget 
⛵️ Lære deg grunnlegande segleferdigheiter og bli med på seglas
🌱 Sanke og lage mat på bål

Linja passar for deg som er glad i å vere ute i naturen heile året. Du likar å vere i bevegelse og tar gjerne ei utfordring.

Dette vil du lære

  • Generelt friluftsliv sommar/vinter: Bål, komfort i naturen, kart/kompass, proviant, trening, planlegging, utstyr, fyrstehjelp 
  • Surfing 
  • Et dykk inn i klatrekulturen
  • Kystkultur: fridykking, segling, sette garn, fiske, hauste 
  • Planlegge og gjennomføre tur utan lærar/rettleiar
  • Stisykling 
  • Bærekraft 

Kurs og sertifikat:

  • Brattkort
  • Våttkort
  • Skredkurs
  • Grunnkurs i brevandring og kameratredning  

Våre forventninger til deg

  • At du har ei positiv innstilling 
  • At du har evne til å samarbeide i ei gruppe 
  • At du ønsker å bidra til eit godt fellesskap i gruppa

Dette skuleåret får du også bli med på ei heilt spesiell reise til Filippinene! Her vil du få oppleve sterke kontrastar når vi skal besøke både barneheimar, slummen og fengsel, til dei meir glansfulle stadane som ferierande turistar i landet. 

Kjartan Haaland

Lærar: Friluftsliv All-inclusive

Utdanning/erfaring:

Utdanna friluftslivslærar ved Universitetet i Sørøst-Norge, og har erfaring som instruktør og rettleiar innan eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar.

Hobbyar:

Kjartan elskar å utfordre elementa som finst ute i naturen, året rundt. Han elskar å klatre på alt fra småstein til større fjell, søke toppar på ski og sykkel, utforske havet - over og under, i vinden og på bølga.

Epost: kjartan.haaland@fjordane.fhs.no

2024/25:

  • Skulestart: 22.08.24
  • September: Fellestur til Hoddevik 
  • Frihelg: 14.-16.09
  • Haustferie: fom. 04.10 (kl. 13) - 13. oktober (v. 40-41). 
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 15.-17.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul på Fjordane"
  • Juleferie: 20.12. kl.13 - 05.01.
  • Januar: Annerledesveke
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 14. februar (kl. 13) - 23. februar (v. 8).
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie:11. april (kl. 13) - 22. april
  • Avsluttning: 3. mai.
  • Fellestur til Krokpollen
  • Heim: 10.05.25

Valfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har nesten 30 valfag å velje mellom – alt frå sjonglering på sirkus til barista. Valfaga er valfritt som namnet tilseier og du kan velje så mange du vil. Lengda på valfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke. Valfaga kan variere noko frå år til år.

Band

Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.

Barista

Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!

Blankvåpen

Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.

Dans

Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.

Dungeons & Dragons

Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.

Elevstyrte valfag

Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.

Fem på topp

Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.

Fysisk trening

Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.

Hest

Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!

HIIT-trening

I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.

Klatring

Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.

Køyring/tømmekjøring

Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Linedance

Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.

Lokale lag og organisasjonar

Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.

Prosjekthest – din hest i fokus

For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.

Redesign

Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.

Salmakar

Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.

Sirkus

Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.

Sprangriding

Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.

Strikking

Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!

Surfing i Hoddevika

Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.

Svømming/bading

Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.

Teater

Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.

Volleyball

Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.

Voltige

Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.

Årbok/foto

Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.

Fra kr 139 750,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Strandryddeseilas
  • Studietur: Fjord Explore
  • Studietur: Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
  • Studietur: Frå Fjordane til Alpane
  • Studietur: Josten på langs
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 139 750,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 139 750,-
(13 975,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi trur på at gjenbruk er bra for både miljø og lommebok, og du treng ikkje å ha det nyaste for å få eit supert år. Kjøp brukt!

Utstyr du må du ta med:

  • Tursekk (minimum 60 L) 
  • Joggesko
  • Fjellsko 
  • Sovepose 3 sesong + vinter 
  • Liggeunderlag  
  • Fjellski
  • Fjellskisko

Utstyr skulen har: 

  • Telt 
  • Lavo, lavo ovn 
  • Spade 
  • Søkestang  
  • Skredsøkar 
  • Førstehjelp 
  • Primus
  • Vindsekk (Jervenduk) 
  • Pulk 
  • Båt  
  • Garn, fiseutstyr 
  • Øks,sag 
  • Bålpanne, kjelar 

Bygningar
Bygningsmassa til Fjordane folkehøgskule er frå 1974. Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi legg til rette så godt vi kan for funksjonsnedsettingar. Hovudbygningen med undervisningsrom, matsal og forsamlingsrom har tilkomst med rampe. Internatet er bygd over ein etasje og ligg på bakkeplan, og vi har 1 paviljong som er universelt utforma. På heile internatet har vi 18 einerom utan bad. Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg! 

Mat
Vi serverer vegetar- og vegansk mat til alle måltid. Denne maten er tilgjengeleg for alle. 
Vi tilbyr gluten- og laktosefri mat til dei som har behov for det, samt at vi tilpassar til andre allergikarar.
Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg! 

Fagleg og sosialt

Vi tilpassar så langt vi kan slik at det blir mogleg for deg å delta på lik linje med dei andre:

  • Vi legg til rette for pausar
  • Vi finn alternative løysningar om aktivitetane blir for omfattande
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderende miljø
  • Du kan snakke med linjelærar og paviljonglærar slik at vi kan legge til rette for deg!

Ta kontakt med oss om for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Ida Vangen

– I studietiden hadde jeg lite motivasjon, var stadig stresset over skolearbeid og klarte ikke å være meg selv. Jeg følte jeg hadde dårlig tid og klarte ikke å nyte hverdagen. Mens på folkehøgskolen fikk jeg endelig senket skuldrene.

Ida Vangen

Nyheter

Tok pause fra studiet for å gå på folkehøgskole

– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

eXtremsport // Bali & Thailand

Møre Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Idrett & Friluftsliv

Voss folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

Arctic Bushcraft

Pasvik Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Klatring, dykk og surf

Kristiansand folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

Fjell og ekspedisjon

Lofoten folkehøgskole
Få ledige plasser
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Friluftsliv Norge

Hallingdal Folkehøgskule
Helårskurs
13 t/uke
Frilynt

Idrett Adventure Sør-Afrika

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Kristen

REIS Outdoor Adventure

Ålesund Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Friluftsliv Finnmark - Afrika

Pasvik Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Friluftsliv Bergen

Fana folkehøgskule - Bergen
Helårskurs
13 t/uke
Frilynt

Rando Sky Italia

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

Jakt, fiske og friluftsliv

Kristiansand folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Friluftsliv / Ekspedisjon

Nordfjord folkehøgskule
Helårskurs
Kristen

Multisport

Sunnmøre Folkehøgskule
Venteliste
Helårskurs
30 t/uke
Kristen