Til hovedinnhold

Ride- og køyresport, haust 2025

  • Kurslengde: Halvår — høst
  • Oppstartsdato: 21.08.2025
  • Linjefag: 18 timer/uke
  • Pris: fra 74 750,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Debio
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Stad kommune
Har du ambisjonar om å satse på hest og konkurrere i sprang, dressur, køyring eller feltritt? Då er dette linja for deg.

Her kan du satse på hesten din og utvikle deg vidare som ryttar eller kusk. Samspelet mellom deg og hesten står i fokus, slik at du kan forstå din påverknad og tolke signala den gir.

Undervisninga blir tilpassa ditt nivå og ambisjonar. Med valfag som sprangriding, tømmekøyring, køyring og prosjekthest, får du moglegheita til å trene meir med hesten din.

Du treng ikkje ha erfaring frå konkurransar for å gå denne linja, men du må beherske hesten godt i både skritt, trav og galopp. Linja er òg eit springbrett til vidare utdanning innan hestefag, som for eksempel ridelærar og veterinær.

Er du klar for å skape ditt beste halvår saman med oss? Bli med og kjenn på utvikling, glede og få nye vennskap gjennom mange kjekke fellesopplevingar!

Kva kan du vente deg?

💪 Regelmessig trening og tett oppfølging

🏆 Moglegheita til å delta på stemner i nærområdet

🥰 Å dele lidenskapen din for hest med likesinna

💚 At hesten skal ha det bra, med stort fokus på hestevelferd

🎓 I snitt 18 timar linjefag i veka og fleire hestevalfag. Ei veke består ofte av tre rideøkter for instruktør, ryttartrening, køyring, hestehandtering, stallarbeid og teoritimar.

Fasilitetar:
I nærheita har vi tilgang til eit stort hestesportanlegg, der all praktisk linjeundervisning føregår. Her har du alt du treng for å trene og ha det kjekt med hesten din. I tillegg er her:  

For deg som vil satse på hest og utvikle deg vidare i sprang, dressur, køyring og feltritt, eller om du siktar mot ei utdanning innan hestefaget.

Dette vil du lære

Vi kombinerer teori og praksis, slik at du skal forstå «kvifor» bak det vi gjer: 

  • Dressur, sprang og feltritt
  • Sportskøyring – dressur, presisjon og maraton
  • Trening-, fôring- og veterinærlære
  • Konkurranseførebuing og mental trening
  • Longering og tømmekøyring
  • Utstyrs- og ridelære
  • Program- og baneriding
  • Ryttartrening
  • Hestekunnskap, hovpleie og etisk hestehald
  • Korleis du kan forstå hesten din

Våre forventninger til deg

  • Du er motivert til eit år med fagleg og personleg utvikling.
  • Du vil delta aktivt i undervisninga, både på ridebana og i teori.
  • Du vil bidra til eit godt klassemiljø og fellesskap.
  • Du er opptatt av at både hest og menneske skal ha det bra.
  • Du kan handtere hesten godt i skritt, trav og galopp.

Det handlar ikkje om hesterasen, men om deg og hesten din.
Samspelet mellom deg og hesten er det viktigaste for oss. Lærarane våre er fagleg sterke og vil gje deg tett oppfølging uansett kva slags hest du har med deg. Dei har brei erfaring gjennom arbeid med hest, både på og utanfor konkurransebana. Dei er rutinerte og godt utdanna hestefagfolk, som vil gje deg undervisning tilpassa ditt nivå i sprang, dressur og køyring. Lærarteamet på hestelinjene består av autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, kuskesensorar, hovslager, ryttarar og kuskar.Vi har tilgang til spesialist innan tannhelse og kiropratikk, og kvart år får vi besøk av ein saltilpassar.

Har du ikkje eigen hest, men kjenner at dette er linja for deg? Då kan du låne ein av våre skulehestar. Skulehestane våre er fjordingar, som alle er gode læremeistrar og eit godt alternativ om du ikkje har eigen hest. Dei kan både sprang, dressur og køyring, og dufår ansvar for hesten som om den var din eigen. Du vil få bruke skulehesten på stemne og treningar, og du vil samtidig ha ansvar for stell av hesten og utstyret.

Følg oss gjerne på Instagram eller les meir om linja på heimesida vår.

Fra kr 74 750,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 74 750,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 74 750,-
(14 950,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi leiger anlegget og skulehestane til Norsk Fjordhestsenter, og har tilgang til to ridehaller 20m x 40 m. Ei stor utebane på 40m x 80m, vaskespillt, store og trivelige bokser og luftegarder. Det går ridestiar til fjells fra Norsk Fjordhestsenter. Rett ved Norsk Fjordhestsenter ligg det eit travspor som vi kan nytte i undervisningstida. Vi har tilgang til fullt utstyrte klasserom med prosjektor på skulen og på Norsk Fjordhestsenter

Dette utstyret må du stille med selv

Ridehjelm, sko med hæl, ridebukse eller tettsittande bukse utan saum, sikkerhetsvest. Stallklær, varme og vanntette klær til vinteren

Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:

  • Treng du pausar, legg vi til rette for det.
  • Blir aktivitetane for krevjande for deg, finn vi alternative løysningar.
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart, der alle skal bli sett og høyrt.
  • Du kan alltid snakke med linjelærar eller paviljonglærar om du treng andre tilpassingar som kan hjelpe deg.

Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.

Bygningar
Bygningane våre er frå 1974. Derfor er ikkje alle bygga universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Tok pause fra studiet for å gå på folkehøgskole

– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Jazzfordypning (halvårskurs høst 2025)

Sund folkehøgskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt

Grafisk design - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt

Halvårskurs på Rønningen folkehøgskole - høst

Rønningen folkehøgskole
Halvår — høst
Kristen

Brassband - Haust 25

Manger folkehøgskule
Halvår — høst
19 t/uke
Frilynt

Visual Arts - halvårskurs høst 2025

Ringerike Folkehøgskole
Fullt
Halvår — høst
Frilynt

Kreativ halvår høst

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Hund og friluftsliv (høst 25)

Malangen folkehøgskole
Halvår — høst
Kristen

Linje 7 - Hawaii, høst

Ringebu Folkehøgskole
Halvår — høst
13 t/uke
Frilynt

Team O2 - Danmark, Høst

Numedal folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Skuespill & Samspill HØST 25

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Få ledige plasser
Halvår — høst
Frilynt

Musikk.Friluft - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Innovasjon og teknologi Svalbard - høst 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Musikk og media - Medieproduksjon Haust 25

Manger folkehøgskule
Halvår — høst
Frilynt

Kokk & Urban Hage HØST 2025

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt