

Kreativ saum og strikk, haust 2025
- Fjordane Folkehøgskule – Nordfjordeid
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 21.08.2025
- Linjefag: 18 timer/uke
- Pris: fra 56 500,-
- Sted: Stad kommune
På kreativ saum lærer du å sy dine eigne kle heilt frå scratch, uavhengig av forkunnskap. Linja passar for deg som er interessert i saum og kreativitet. Eit halvår på Fjordane gir deg kunnskapar og ferdighetar du kan bruke resten av livet, nyttige lifeskills.
Linja har eige syrom som er ope dag og kveld. Kvar elev har si eiga symaskin.
Ut å hente inspirasjon
Vi er opptatt av å tileigne oss ny kunnskap og inspirasjon. Difor fartar vi rundt, både lokalt i Nordfjord, men også på litt lengre turar. På desse reisene skal vi for eksempel på jakt i secondhand-butikkar! Vi leitar etter gamle skattar som kanskje kan få eit nytt liv i dine hender.
Når ein skal lage sin eigen garderobe, er kreativ strikking ein naturleg del av prosessen. Strikking kan både gjerast avansert, leikent, lett, meditativt, avslappande, kreativt og regelbunde. Det er opp til strikkaren!
Samarbeid med andre linjer:
Kunst: Keramikk
Vikingliv: Handsaum av historisk drakt, brikkeband og toving.
Andre kreative fag på Fjordane: musikal, kunst og sirkus. For valfag eller inspirasjon!
Du likar å vere kreativ og ønsker å sy og strikke dine eigne kreasjonar. Det krevst ingen forkunnskap for å byrje på linja.
Vi forventar elevar som ynskjer å lære, utvikle seg og likar å vere saman med andre menneske.
Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink som du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring.
Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:
Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.
Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.
Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.
Bygningar
Bygningane våre er frå 1974. Derfor er ikkje alle bygga universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.
Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.
– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.