Bali – eventyr, kultur og opplevingar for livet
Det er ikkje utan grunn at Bali stadig blir kåra til årets reisemål. Denne magiske øya, kjent som Island of Gods, byr på surf i verdsklasse, spektakulær natur og ein kultur ulik alt du har opplevd før.
Opplev den aktive sida av Bali
Som surfemekka nummer éin skal vi sjølvsagt på bølgjene. Men eventyret stoppar ikkje der: SUP, sykling, snorkling, dykking, vulkantrekking og klatring gir deg minner for livet. På Pronoia Hospitality får du oppleve korleis sunn mat og ein aktiv livsstil kan gi ny energi og balanse.
Utforsk kulturen frå innsida
Balinesarane er hovudsakleg hinduar, og vi tek del i seremoniane, templene og tradisjonane som gjer øya så unik. Her møter du ei fargerik og gjestfri kultur som set spor.
Reise med meining
Saman med organisasjonen Bali Life bidreg vi til lokale prosjekt som gir håp til vanskelegstilte barn og familiar. Vi er òg med i arbeid for å bevare korallreva rundt øya. Du får ikkje berre oppleve Bali – du får også gjere ein forskjell.
Ein tur du aldri gløymer
Vi har lærarar med masse erfaring erfaring frå Bali. Derfor får du tilgang til både skjulte perler og ikoniske attraksjonar. Vi kjenner øya som vår eigen bakgard – og sørgjer for at du får maksimalt ut av opphaldet.
Bali ventar på deg – med surf, kultur og fellesskap.