Friluftsliv X Sunnmørsalpane & – Hoddevika. Eventyr i Norges vakraste natur! 🏔️🌊
Utforsk storslått natur, oppleve adrenalinfylte aktivitetar og skap minner for livet!
Opplev friluftslivmekka på Nordvestlandet! 🏔️🌊
Bli med på ei unik reise gjennom Sunnmørsalpane, der naturen er klasserommet. Her handlar det om å bli kjent med naturen, med deg sjølv og med fellesskapet rundt deg.
Dette lærer du:
- Klassisk friluftsliv: Lær grunnleggande ferdigheiter for å navigere og overnatte i naturen.
- Toppturar: Opplæring i både barmarksturar og skikøyring eller splitboard på vinteren.
- Klatring: Praktisk opplæring, både innandørs og utandørs.
- Alpin teknikk: Meistre ski eller brett i alpinanlegg.
- Villsnø-teknikk: Lær å køyre trygt i urørt snø.
- Skredlære: Få praktisk opplæring og bruk av skredkunnskap.
- Havpadling: Opplev fjordar og kysten med kajakk.
- Surfing: Test bølgene langs norskekysten.
Målet vårt er å utfordre deg til meistring gjennom friluftsliv og aktivitetar. Som individ og del av eit fellesskap vil du få uforgløymelege opplevingar og sjansen til å vekse som person.
Vi viser deg kva vårt fantastiske heimland kan tilby, og legg ekstra ressursar i opplæring på unike norske destinasjonar. Overnatting skjer ofte i telt, med varme frå bål og fellesskap rundt deg.
Kven passar linja for?
For deg som vil lære eit breitt spekter av friluftsaktivitetar, med fokus på skikøyring og surfing. Uansett kva ferdigheitsnivå du startar på, tilpassar vi opplegget til deg.
Bli med på eit eventyr i Sunnmørsalpane – lær, utfordre og opplev! 🌟