Berre 60 prosent av elevane fullfører vidaregåande skule på normert tid. Dette er eit nasjonalt traume. Det er ei formidabel utfordring å leggje til rette for mangfald, meistring og motivasjon for heile elevårgang en, kvart år. Det er jo nettopp dette som gjer skulen spanande og utfordrande.
Utdanningsdirektoratet gjennomfører i perioden 2013–17 ei storstila satsing med namnet «Ungdomstrinn i utvikling». Målet er å finne fram til meir varierte, spanande og motiverande former for undervisning, slik at fleire elevar i ungdomsskulen opplever læringsglede og meistring. Dersom fleire elevar finn ungdomsskulen meir gjevande og utbyterik, vil fleire fullføre vidaregåande skule.
Det er eit paradoks at problemet fråfall hovudsakleg vert problematisert av fylkeskommunane og dei vidaregåande skulane. Saka er i røynda at fråfall må sjåast i ljos av opplæringa i grunnskulen. Problemet må i større grad adresserast, som ei «sjølvmelding», til kommunane som grunnskuleeigarar. Dersom kommunane hadde eigd vidaregåande skule, ville fråfall vore eit hovudtema til ordførar, rådmann og oppvekstsjef. Slik er det ikkje i dag, av di det er nokon andre som «eig» problemet.
I folkehøgskulen treffer vi ungdom som vil ha varierte, spanande og motiverande undervisningsformer. Dei vil gå i djupna på eit fag, men ikkje gå opp til eksamen. Dei vil øve, utan å ta prøve. Musikkelevane våre vil ha praktisk undervisning og gatekonsert på Vossajazz. Etter å ha målt krefter med Raundalselva får elevane på ekstremsportlina ei fossande forståing for varig vern av vassdraget. Elevane på film og foto lagar seg nye framtidsbilete.
Folkehøgskulane er eit skuleslag for resten av livet. Dei åtti skulane har over tre hundre ulike linjer, slik at ungdom kan velje fordjuping, forståing og utfordring på ei rekkje fagområde. Kanskje det beste skotsmålet til folkehøgskulane er nettopp at ungdomane finn att gløden og læringsgleda, at dei er teoretisk og praktisk førebudd til vidare utdanning. I skuleåret 2016–17 har folkehøgskulane i Noreg 107 prosent dekning, og tilbodet er større etterspurt. Vi kan sjå det som eit teikn på at ungdom vil ha ei opplæring som er praktisk og livsnærverande. Satsinga på meir varierte og motiverande undervisningsformer i ungdomsskulen må halde fram etter 2017. Det er her «slaget» står.
Claus Røynesdal er rektor ved Voss folkehøgskule
Blir det Norgesferie i sommer? Da bør du sjekke mulighetene for å…
Mange studenter angrer på at de ikke valgte folkehøgskole før de begynte…
Vi får mange spørsmål fra ungdommer som vurderer å søke seg på…
Are you going on vacation in Norway? Check out the hostels at…
Noen bestemmer seg tidlig for hvilken skole eller linje de vil gå…
Blir det Norgesferie i sommer? Da bør du sjekke mulighetene for å…
Søknadene strømmer inn til folkehøgskolene. Her er de 10 linjene som har…
Vi får mange spørsmål fra ungdommer som vurderer å søke seg på…
Hva er forskjeller og likheter mellom folkehøgskole og årsstudium?
Noen bestemmer seg tidlig for hvilken skole eller linje de vil gå…