Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og går på kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk.
Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilbereda og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen.
I Sør-Afrika er det tid for bl.a. fallskjermhopp, verdas høgaste strikkhopp (216 m), surfing, beach-aktivitetar, safari og besøke fengselcella til Nelson Mandela.
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 250 kr for eit halvt skuleår.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her
Linjeinnhald:
Sør-Afrika | Surfing i Hoddevika | Klatring (bratt kort) | Elv-/grotteklatring | Terrengsykling | Toppturar | Via Ferrata | Sunnmørsalpane | Fallskjermhopp | Strikkhopp 216 m | Vannski/kajakk/snorkling | RIB-turar | Sykkel Trollstigen
Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.
Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett