Tanzania byr på sterke kontrastar. Du møter menneske som slåss mot ekstrem fattigdom for å gje barn og unge framtid og håp. Du får også bade i turkisfarga hav og oppleve safari i solnedgang blant løver og giraffar.
I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela. Du besøker Soweto, Pietermaritzburg, Durban og Cape Town. Du lærer om utfordringane Sør-Afrika har etter Apartheid. Om du vil, kan du surfe, hoppe i strikk frå Soweto Towers og hoppe i fallskjerm.
Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir her.
Det meste av det beste:
Safari Mikumi National Park | Cape Town, Soweto, Durban & Pietermaritzburg | Robben Island | Møte med Masai, Beduin og Zulu | Vertsfamilie | Guida turar | YWCA & YMCA | Reiseførebuingar | Runde Fyr | Loenvatnet | Via Ferrata Loen | Hengekøyetur | Kajakk | Ekstremsport i Sør-Afrika (individuell betaling) | Overnatting ute | Havsauna
Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.
Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett